Fjellnettverket søker gardsbruk til Bondens bord

Driv du gardsbruk i fjellet? Likar du å lage mat og formidle? Produserer du eigne råvarer? Fjellnettverket søker fleire gardbrukarar som vil vere med å teste ut ei ny serveringsordning der det er potensiale for auka inntekter og meir verdiskaping for gardsbruk i fjellet.

Tun Byrå

Fjellnettverket har starta ei prøveordning som kan passe for gardsbruk i fjellområda i Noreg. Ordninga er etter modell frå Færøyane og har fått namnet  Bondens bord. Ni gardsbruk frå fjellområda er godt i gang, og no ynskjer me fleire velkomne til å vere med. 

Me ynskjer oss

  • gardsbruk frå Innlandet, Telemark og Buskerud
  • at serveringsaktiviteten som startar opp har utgangspunkt i eit gardsbruk i fjellet
  • at maten lagast i eige (hushaldets) kjøken og serverast i eige (hushaldets) kjøken/ stue
  • at eigne eller lokale råvarer er utgangspunkt for menyen

(Det er ein fordel om garden driv produksjon av eine råvarer som kan brukast i serveringa).

Me søker gardsbruk som 

  • er engasjerte, interesserte og har lyst til å prøve ut eit nytt konsept
  • likar å lage mat og er glade i formidling
  • er villge til å gå gjennom søknadsprosessar med Mattilsyn og kommune
  • vil vere med på kurs og samlingar om matlaging, trygg mat, formidling og marknadsføring
  • kan starte opp serveringsverksemda i løpet av sommaren

Kva tilbyr me:

  • Tilgang til eit aktivt nettverk av andre som testar ut Bondens bord
  • Kurs, møte og samlingar for å auke kunnskapen om tema knytt til Bondens bord
  • Synleggjering av ordninga og dei som deltar
  • Nettverk og fagfolk som hjelper deltakarane i gang

Kva gjer du viss du vil vere med: 

Klikk på lenka og fyll ut søknadsskjema: Søknadsskjema Bondens bord

Søknadsfrist: 26. april.

Digitalt informasjonsmøte om ordninga: 30. april